Hopp til innhold
Beaivváš Sámi Teáhter sin logo.
Beaivváš Sámi Teáhter sin logo.
X
Innhald

Beaivváš Sámi Našunálateáhter

Beaivváš Sámi Našunálateáhter, på norsk Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš, er eit samiskspråkleg teater grunnlagd i 1981. Teatret fekk status som samisk nasjonalteater frå 1994.

Teatret har base i kulturhuset i Guovdageaidnu/Kautokeino med virkefelt i dei samiske områda i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Nytt teaterbygg er under planlegging.
Føremålet til Beaivváš Sámi Našunálateáhter er å styrkje samisk kunst, kultur og identitet, og teatret har sidan etableringa drive pionerarbeid med tanke på å utvikle ny samisk dramatikk. Årleg vert nye verk presenterte i tillegg til nye klassikarar innanfor nordisk dramatikk, alt omsett til samisk.

Teatret var først etablert som ei samiskspråkleg fri teatergruppe i 1981, før det i 1987 vart gjort om til aksjeselskap. I 2010 skifta teateret namn frå Beaivváš Sámi Teáhter til Beaivváš Sámi Našunálateáhter.

I 1991 kom teatret inn med ein fast post på det norske statsbudsjettet og er sidan akseptert som den fjerde nasjonale scena i Noreg. Frå og med 2002 har teatret vore under budsjettforvaltinga til Sametinget. Teatersjef er Rolf Degerlund, som tok over etter islandske Haukur J. Gunnarsson.

Peikarar

Nettstaden til Beaivváš Sámi Teáhter

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 19.10.2016