Hopp til innhold
X
Innhald

Den Norske Opera & Ballett

Den Norske Opera & Ballett, opera- og ballettscene stifta i 1958 med Kirsten Flagstad som første operasjef. Operaen i Oslo er den einaste permanente, offentleg støtta scena av sitt slag i Noreg. Han gir om lag 150 faste og om lag 50 turnéframsyningar per år.
Operaen i Bjørvika. Foto: Erik Berg.
Operaen i Bjørvika. Foto: Erik Berg.
Orkesteret til Den Norske Opera & Ballett har om lag 70 medlemmer, og ballettensemblet har om lag 40 dansarar. Ved Operaen driv ein Den Norske Operas ballettskole (oppretta i 1965) og Statens operaklasse (oppretta i 1969). Operasjef frå 2012 er Per Boye Hansen og sjef for Nasjonalballetten er Ingrid Lorentzen.
 
Den norske Opera & Ballett heldt i mange år til i Folketeateret på Youngstorget i Oslo. I 2000 vedtok Stortinget å byggje nytt operahus i Bjørvika.

Operaen er teikna av det norske arkitektkontoret Snøhetta og opna 12.april 2008.
 
Sjå video frå Operahuset:
 
 
 
 
 
 
Sjå videoen En operasangers hverdag:
 
 
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 06.06.2014