Hopp til innhold

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, ein årleg festival i Førde i Sogn og Fjordane. Festivalen er den største av sitt slag i Skandinavia og presenterer kring 250 artistar frå ulike delar av verda kvart år.

Førdefestivalen, som festivalen vert kalla i daglegtale, vart skipa i 1989. Året etter vart den første festivalen gjennomført i Førde, og han har sidan vore eit årleg arrangement i første halvdel av juli. Festivalen er ei stifting med ideelle føremål, med medlemer frå Førde kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Frå 1989 har festivaladministrasjonen vakse frå ei halv stilling til sju tilsette i 2017. Frå 1989 til 2018 var Bjørkum med få avbrot dagleg leiar (dei siste åra direktør) for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Direktør sidan 2018 er Per Idar Almås. Kvart år yter 350 frivillige 5000 dugnadstimar. Den årlege omsetninga er på om lag 19 millionar kroner.

Frå 2012 er HKH Kronprinsesse Mette-Marit den høge vernaren for Førdefestivalen. Festivalen er medlem av Norske Festivaler, European Forum of Worldwide Music Festivals, Freemuse og fleire. Festivalen hadde status som knutepunktinstitusjon frå 2005 og fram til knutepunktordninga vart avvikla i 2015. 

Folkemusikk og verdsmusikk er sentrale sjangrar, men festivalen har eit breitt og variert kulturprogram. Utvalde sjangrar og geografiske område set oftast rammene for programmet. Politiske spørsmål kring sameksistens, makt og undertrykking har òg vore festivaltema.

Eit uttalt mål er å framheve unge musikarar og nye produksjonar. Festivalen har vist fram fleire artistar før dei vart verdskjende. I 1991 song den sibirske gruppa Tuva overtonesong frå ei norsk scene for første gong, og allereie i 1993 gjesta romani-rumenske Taraf de Haïdouks festivalen.

Det internasjonale folkemusikkmagasinet Songlines har kåra Førdefestivalen til ein av dei 25 beste festivalane i verda fleire år på rad. I 2014 kom Førdefestivalen på den britiske avisa The Guardian si liste over dei ti beste småbyfestivalane i Europa, og i 2015 vart festivalen lista på National Geographic Travel si topp-sju-liste over musikkfestivalar i Europa uansett sjanger.

Foto: Gruppa Sidi Goma på Førdefestivalen i 2012. Foto:
Foto: Gruppa Sidi Goma på Førdefestivalen i 2012. Foto: Fordefestival.no

Kjelder

E‑post frå Hilde Bjørkum 15.11.2012 og 4.12.2012

Erle Hind: «– Musikken endrar oss som menneske», intervju med festivaldirektør Hilde Bjørkum, Kjelda 2/2012, Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, publisert 4.6.2012. Utdrag frå intervjuet er tilgjengeleg på http://www.fylkesarkiv.no/nyhende/musikken-endrar-oss-som-menneske/ [lesedato: 04.12.2012]

Katrine Nybø: «Førdefestivalen blant dei 25 beste i verda ifølgje musikkmagasin», NRK Sogn og Fjordane, publisert 23.3.2012, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8047489 [lesedato: 4.12.2012]

Peikarar

Nettstaden til Førdefestivalen

Susan Greenwood: «Ten of the best small music festivals in Europe», publisert 13.5.2014, The Guardian, theguardian.com

Lisa A. Walker: «The Best Summer Music Festivals in Europe», publisert 28.5.2015, National Geographic Travel, intelligenttravel.nationalgeographic.com


Først publisert: 07.02.2013
Sist oppdatert: 16.01.2019