Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Aasen-året 1996

Ivar Aasen-året 1996, landsdekkjande markering av hundreårsminnet for Ivar Aasens død. Tiltaket blei ein forgjengar for mange seinare forfattarmarkeringar og -jubileum.

Ivar Aasen-året 1996 blei skipa i Oslo 16. mars 1995 av Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK), Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. I 1993 hadde Audun Heskestad i Det Norske Samlaget teke initiativet til ei slik markering for å skape meir liv kring målrørsla.
 
Bente Vatne var styreleiar og Einar Schibevaag dagleg leiar. Tiltaket gjennomførte 1030 registrerte arrangement, fordelte på 164 kommunar og alle fylka, og hadde ei omsetning på 6,2 mill. kroner. Struktur og arbeidsform blei seinare retningsgivande for mange liknande tiltak, mellom anna Garborg-året i 2001.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Året har mange dagar. Sluttrapport frå Ivar Aasen-året 1996. Oslo 1997

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 15.08.2013