Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ofte kalla nynorskprisen for journalistar, er ein mediepris som blir delt ut til journalistar som nyttar nynorsk.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Nynorskprisen for journalistar
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ofte kalla nynorskprisen for journalistar, er ein mediepris som blir delt ut til journalistar som nyttar nynorsk.
Nynorskprisen for journalistar
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blei oppretta i 2004 i samband med opninga av Nynorsk mediesenter og delt ut første gongen i 2006.
Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media. Prisen blir delt ut årleg til ein journalist som har utmerkt seg med å bruke levande og god nynorsk i media, og som har gitt nynorsk status eller innpass på nye område.
Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir oppnemnd av Kulturdepartementet. NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen, som blir delt ut kvart år under Festspela.
Prisvinnaren får eit norsk kunstverk og ei pengegåve.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.