Hopp til innhold
X
Innhald

Nordnorsk Folkemusikksamling

Nordnorsk Folkemusikksamling er ei avdeling ved Tromsø Museum og omfattar norsk, samisk og finsk tradisjonsmateriale frå Nord-Noreg.

Nordnorsk Folkemusikksamling blei skipa ved Tromsø Museum i 1949. Den sentrale drivkrafta var Arnt Bakke (1907–1975). Han var styrar av samlinga fram til han døydde i 1975, det meste av tida som fritidssyssel ved sida av stillinga som lektor i musikk ved Tromsø lærarskule. Bakke gjorde ein stor innsats med å samle inn tradisjonsmateriale frå landsdelen og bygde opp ei omfattande samling, som dessutan blei supplert med materiale frå amatørsamlarar.

Bakgrunnen for opprettinga var behovet for å samle folkemusikken frå landsdelen på ein stad, og dessutan var det viktig å få utforska særdrag ved den nordnorske folkemusikken. Nordnorsk Folkemusikksamling inneheld norsk, samisk og kvensk materiale og omfattar meir enn 10 000 melodiar, av desse 2000 lydband, og om lag 36 000 manuskriptsider. Mykje er originalt materiale. I 2002 tok ein i bruk eit klimaregulert lydarkiv. Lydsamlinga er digitalisert.

Hovudoppgåvene for Nordnorsk Folkemusikksamling er innsamling, dokumentasjon, forsking og formidling. Sidan 1986 har professor Ola Graff vore konservator ved samlinga.

Kjelder

Bjørn Aksdal og Sven Nyhus (red.): Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk. Oslo 1993

Ola Graff: «The North Norway Folk Music Collection at the Tromsø Museum. The foremost Archive of Lapp (Sami) Music», Fontes Artis Musicae, vol. 51/2, 2004, s. 237–242

Ola Graff: Av det raudaste gull. Tradisjonsmusikk i nord. Stamsund 2005

Ivar Roger Hansen: Folkemusikk i Nordland. En oversikt. Mo i Rana 1996

Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982

Arnfinn Stølen: Songskatten vår. Vokal folkemusikk frå norske samlingar. Oslo 1995

Ørnulf Vorren (red.): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø museum 1872–1972. Tromsø 1972

Heimesida til Nordnorsk Folkemusikksamling: https://uit.no/om/enhet/artikkel?p_document_id=381074&p_dimension_id=88178&men=28927 [lesedato 27.12.2015]

Først publisert: 20.04.2016
Sist oppdatert: 02.05.2016