Hopp til innhold

Norsk Målungdom

Norsk Målungdom, landsfemnande og sjølvstendig ungdomsorganisasjon for Noregs Mållag.

Norsk Målungdom blei skipa på Vinstra i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag, etter eit initiativ frå Studentmållaget i Oslo og Noregs Mållag. Organisasjonen skifta namn til Norsk Målungdom i 1972.

Alt i 1877 var det skipa eit studentmållag ved Stord lærarskule. Fleire kom til, med Studentmållaget i Oslo frå 1900 som det viktigaste. Utover i 1950-åra tok også gymnasiastar til å skipe elevmållag. Som for Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag kom altså lokallaga først også her.

Organisasjonen har vedtekne namneformer på samiske språk og kvensk. Norsk Målungdom heiter Vuona Giellanuora på lulesamisk, Nöörjen Gïelenoerh på sørsamisk, Norgga Giellanuorat på nordsamisk og Norjan Kielinuoret på kvensk.

Norsk Målungdom hadde i 2018 vel 1600 medlemer i 30 lokallag. Gunnhild Skjold har vore leiar sidan 2019. Norsk Målungdom er medlem i Nynorsk Forum.

Formenn og leiarar i Norsk Målungdom

2019–

Gunnhild Skjold

2017–19

Fredrik Hope

2015–17

Synnøve Marie Sætre

2014–15

Karl Peder Mork

2012–14

Vebjørn Sture

2010–12

Janne Nygård

2009–10

Maria Kristine Svendsen

2007–09

Jens Kihl

2005–07

Synnøve Midtbø Myking

2004–05

Sigbjørn Hjelmbrekke

2003–04

Fredrik Gustavsen

2002–03

Gudrun Kløve Juuhl

2000–02

Astrid Sverresdotter Dypvik

1998–2000

Magnus Bernhardsen

1996–98

Håkon Kolmannskog

1995–96

Trond Sæbø

1992–95

Gro Morken Endresen

1991–92

Kari Bjørnsvik

1990–91

Bård Eskeland

1989–90

Hans Olav Brendberg

1988–89

Ingar Arnøy

1987–88

Lise Kvande

1986–87

Paul Sandøy

1985–86

Marit Fjordheim

1984–85

Roar Madsen

1982–84

Atle Faye

1981–82

Aud Søyland

1980–81

Thomas Skålnes

1979–80

Nils Kårfald

1978–79

Magnhild Bruheim

1977–78

Åsmund Forfang

1976–77

Bodil Røyset

1973–76

Brita Helleland

1972–73

Ola E. Bø og Arve Elvik

1971–72

Ola Svein Stugu

1970–71

Åse Hjørnevik

1969–70

Olaf Nøkleby

1968–69

Jarle Varpe (Aslak H. Helleve konstituert våren 1969)

1966–68

Kjellaug Jetne

1965–66

Tor Gabrielsen

1964–65

Kolbein Dahle

1963–64

Arve Sæbø

1962–63

Eivind Oterholm

1961–62

Eirik Aksel Larsen

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Nettstaden til Norsk Målungdom

Først publisert: 17.09.2009
Sist oppdatert: 26.09.2019