Hopp til innhold
X
Innhald

Ulvik poesifestival

Ulvik poesifestival har som føremål å fremje Olav H. Hauges forfattarskap og dessutan lyrikk i ulike former. Det er Olav H. Hauge-senteret som står bak festivalen, som vert arrangert i Ulvik i byrjinga av september annakvart år.

Ulvik poesifestival vart etablert i 2000 som eit samarbeid mellom Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og Olav H. Hauge-stiftinga. Då Olav H. Hauge-senteret vart opna i 2014, som ein del av Nynorsk kultursentrum, overtok senteret ansvaret for Ulvik poesifestival. Sidan skipinga har festivalen vore arrangert annakvart år.

Festivalen har som føremål å skape interesse for forfattarskapen til Olav H. Hauge og for lyrikk generelt. Målsetjinga er at Ulvik poesifestival skal etablere seg som den viktigaste festivalen i Noreg for lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

På festivalen kan publikum høyre nasjonal og internasjonal poesi av ulike slag, både originalverk og gjendiktingar. Festivalleiinga legg vekt på å presentere både nye og etablerte forfattarar. Samtidig tek festivalen eit særleg ansvar for å presentere lyrikk på nynorsk og dialekt, og vil stimulere til at fleire bruker nynorsk når dei skriv lyrikk.

Festivalleiar for Ulvik poesifestival er Geir Netland, som er dagleg leiar ved Hauge-senteret. Jorid Lekve Eide er festivalprodusent.

Frå og med 2018 vert Olav H. Hauge-stipendet delt ut til ei ung stemme som har vist eit særleg poetisk talent. Prisen vert delt ut under opninga av Ulvik poesifestival.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021. Vedteken 8. juni 2017

Poesifestivalen: «Ulvik poesifestival», poesifestivalen.no, publisert 13.2.2018: http://www.poesifestivalen.no/up/no/om_festivalen/ [lesedato 19.6.2018]

Peikarar

Nettstaden til Ulvik poesifestival

Nettstaden til Olav H. Hauge-senteret 

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 05.09.2018