Hopp til innhold

Vestmannalaget

Vestmannalaget, landsdekkjande mållag. Organisasjonen er det eldste mållaget i landet.

Vestmannalaget blei skipa i Bergen 21. januar 1868, etter initiativ frå Henrik Krohn, for å fremje «Nordmannskapen i Landet» og vere til «sann selskapleg Hugnad». Skipingsmøtet valde Krohn til formann. Vestmannalaget fekk med tida nokre lokallag, gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd 1870–79 og sette i verk ei rekkje måltiltak – bibelomsetjingar, manuskriptkonkurransar, støtte til folkehøgskular og restaurering av Håkonshallen i Bergen, som stod klar til nyopning olsok 1898.
 
Vestmannalaget tok initiativet til den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen i 1914 og til forlaget Norsk Bokreidingslag, som kom i drift i 1939.
 
Laget la ned all verksemd 17. mai 1942 og tok opp att arbeidet i 1945.
 
I protest mot rettskrivingspolitikken melde Vestmannalaget seg ut av Noregs Mållag i 1962. For å fremje «reint og godt norsk mål» tok laget initiativet til å skipe Ivar Aasen-sambandet i 1965, som blei ein samnemnar for dei høgnorske laga i målrørsla.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Peikarar

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 13.05.2013