Hopp til innhold
X
Innhald

Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund er ein landsomfattande organisasjon som vart stifta i Oslo i 1956. Han arbeider for ein ikkje-religiøs, humanistisk etikk og å gjennomføre eit sivilt seremoniell, som borgarleg namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Human-Etisk Forbund arbeider for å fjerne reguleringar bygde på diskriminering etter tru. Organisasjonen driv òg med opplysningsarbeid mot metafysikk og overtru. Human-Etisk Forbund deler ut Humanistprisen. Kristin Mile har vore generalsekretær sidan 2006.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013