Hopp til innhold
X
Innhald

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), landsdekkjande medlemsorganisasjon for kommunar og kommunale føretak.

LNK blei skipa på Bryne 18. juni 1993 av utsendingar frå 86 kommunar for å styrkje språkpolitikken i stat og kommunar. Bakgrunnen for skipinga var at Statskonsult ved eit høve i 1990 hadde sagt at dei såg på lov om målbruk i offentleg teneste som ein raritet. På ein konferanse våren 1991 tok Sigve Gramstad, som då var kultursjef i Bergen, difor til orde for å skipe eit nettverk for kommunane som hadde nynorsk som tenestemål.
 
I 2012 hadde organisasjonen 120 kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som medlemer. LNK er medlem i Nynorsk Forum.
 
Ordførar Nils G. Taklo frå Ørsta var leiar i LNK heile det første tiåret, før Jan Magne Dahle, også han frå Ørsta, tok over styreleiarvervet i 2003. I 2011 vart Astrid Myran Aarvik vald til ny styreleiar, og sidan 2013 har Solfrid Borge vore styreleiar. Kari Bjørke var dagleg leiar dei første åra, fram til Vidar Høviskeland tok over i 1998.
 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 

Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 18.06.2020