Norsk stadnamnarkiv er eit arkiv med hovudføremål å samla inn stadnamn frå heile Noreg. Arkivet registrerte og samla inn stadnamn frå kart, skriftlege kjelder og feltarbeid. Dei dreiv også med gransking og publisering. Stadnamnarkivet inneheld ei rekkje register, mellom anna Heradsregisteret, Bustadnamnregisteret, Landsregisteret, Seternamnregisteret og Etymologiregisteret.

Arkivet vart grunnlagt i Kristiania (Oslo) i 1921, og fekk si første løyving frå staten 1. juli dette året. Den første styraren var Gustav Indrebø, dosent i norrøn filologi. Saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull hadde han teke initiativ til arkivet.

Etter at Indrebø vart professor ved Bergens Museum i 1930, vart arkivet liggjande nede til det vart teke over av staten og flytta til Bergen i 1939, med Indrebø som styrar fram til han døydde i 1942. I 1944 vart arkivet flytta tilbake til Oslo.

Per Hovda vart ny styrar etter Indrebø, ei stilling han hadde heilt fram til 1979. Det året vart arkivet lagt inn under Universitetet i Oslo som Institutt for namnegransking. I 1990 vart namnet endra til Avdeling for namnegransking, og i 1997 vart arkivet ein seksjon under Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap. Leiarane for stadnamnarkivet i tida ved UiO var Botolv Helleland, Tom Schmidt, Kristoffer Kruken og Margit Harsson.

I 2016 vart ansvaret for språksamlingane og ordboksarbeidet ved Universitetet i Oslo overført til Universitetet i Bergen. Stadnamnarkivet ligg no under Universitetsbiblioteket i Bergen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg