Hopp til innhold
X
Innhald

Særeige

Særeige, midlar som ikkje er ein del av felleseiga til ektefellane, og som difor skal bli haldne utanfor ved eventuell deling av midlane deira ved mellom anna separasjon og skilsmisse. Lova føreset som hovudregel felleseige. Vil ektefellane ha særeige, må dette skje ved at ein opprettar ektepakt. Ved gåve eller testament kan givaren (testatoren) velje at gåva eller arven skal vere særeige. Jf. elles ekteskapslova av 1991.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 19.06.2012