Hopp til innhold

Asylrett

Asylrett, i folkeretten den retten ein stat har til å halde området sitt ope for statsborgarar frå andre land. Omgrepet blir også brukt om den retten eit enkeltindivid i visse tilfelle har til å få fristad på territoriet til eit framandt land.
Les meir om Asylrett

Asylsøkjar

Asylsøkjar

Ein asylsøkjar er ein person som har søkt om vern (asyl) i eit land, og som ventar på å få søknaden behandla. Det er Utlendingsdirektoratet som har til oppgåve å behandle asylsøknader.

Les meir om Asylsøkjar

EØS

EØS

EØS, Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, er ein felles marknad for dei 27 EU-landa og dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.

Les meir om EØS

Familieinnvandring

Nære familiemedlemer av ein norsk eller utanlandsk statsborgar som allereie har opphaldsløyve i Noreg, kan, om visse vilkår er oppfylte, få opphaldsløyve for å leve saman med denne personen. Denne typen opphald blir kalla familieinnvandring.

Les meir om Familieinnvandring

Folkerett

Folkerett (latin jus gentium), nemning på dei rettsreglane som blir sett på som bindande mellom statar i samkvemet mellom dei. Reglane rettar seg primært mot enkeltstatar, og berre unntaksvis til individ. Delar av folkeretten kjem til bruk også for internasjonale organisasjonar. 

Les meir om Folkerett