Hopp til innhold
X
Innhald

Asylrett

Asylrett, i folkeretten den retten ein stat har til å halde området sitt ope for statsborgarar frå andre land. Omgrepet blir også brukt om den retten eit enkeltindivid i visse tilfelle har til å få fristad på territoriet til eit framandt land.
Retten statane har til asylrett er ifølgje folkeretten vilkårslaus med mindre det ligg føre ein utleveringsavtale, og å nytte retten blir ikkje sett på som ei uvenleg handling mot heimlandet til flyktningen. Derimot følgjer det ikkje av folkeretten noka alminneleg plikt til å gi nokon asyl, i tydinga varig opphaldsløyve. Visse forpliktingar følgjer av flyktningkonvensjonen av 1951 og andre internasjonale avtalar. Elles er den praktiske rettsstillinga til individet avhengig av lovgivinga i det enkelte landet. I Noreg har ein flyktning i utgangspunktet rett til asyl, jf. utlendingslova av 2008.
 
Peikarar
Utlendingslova

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 15.08.2013