Hopp til innhold
X
Innhald

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (engelsk Northwest Atlantic Fisheries Organization, NAFO), organisasjon som vart oppretta i samsvar med konvensjonen om framtidig multilateralt samarbeid om fisket i det nordvestlege Atlanterhavet, som vart underteikna i 1978. Denne har som føremål å sikre bevaring og best mogleg utnytting av fiskeriressursane i området. Oppgåva til NAFO skal vere å bidra til dette gjennom vitskaplege råd, konsultasjonar og samarbeid. Noreg er medlem.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012