Hopp til innhold

EFTA-domstolen

EFTA-domstolen, domstol som er oppretta av EFTA-statane med heimel i EØS-avtalen. Opphavleg skulle det vere ein egen EØS-domstol med fem dommarar frå det dåverande EF og tre frå EFTA, men EF-domstolen fann at dette var i strid med Romatraktaten. Resultatet vart ein EFTA-domstol som skulle verke parallelt med EF-domstolen (seinare EU-domstolen). EFTA-domstolen handsamar saker som er reiste av EFTA sitt overvakingsorgan mot ein EFTA-stat for brot på plikter etter EØS-avtalen og EØS-relaterte tvistar mellom EFTA-statar. I tillegg skal han fungere som eit rådgivande organ for dei nasjonale domstolane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012