Hopp til innhold
X
Innhald

EFTA sitt overvakingsorgan

EFTA sitt overvakingsorgan, organ som er oppretta av EFTA-statane ved den såkalla ODA-avtalen (handhevingsavtalen) etter pålegg i EØS-avtalen. Hovudoppgåva er å føre tilsyn med at EFTA-statane oppfyller forpliktingane sine etter avtalen. Organet er særleg pålagt å handheve konkurransereglane i avtalen, reglane om statsstøtte og om offentlege innkjøp. EFTA sitt overvakingsorgan kan påtale brot og om nødvendig reise sak for EFTA-domstolen. Medlemmene blir valde utifrå faglege kvalifikasjonar og står fritt i forholdet til dei enkelte medlemslanda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012