Hopp til innhold

EØS-komiteen

EØS-komiteen, det sentrale utøvande organet under EØS-avtalen. Komiteen skal sikre gjennomføringa av avtalen. Han er samansett av representantar for avtalepartane. EU er representert ved medlemmer frå Europakommisjonen og EFTA-statane ved embetsmenn. EØS-komiteen gjer vedtak om endringar i og vidareutvikling av EØS-reglane (med unntak av hovuddelen i avtalen). I tillegg til å ha avgjerdsmakt skal komiteen fungere som rådslåingsorgan i alle saker som skaper vanskar for samarbeidet. Komiteen skal gi ut ei årleg melding om korleis avtalen fungerer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.07.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012