Hopp til innhold
X
Innhald

Folkemord

Folkemord eller genocid, heil eller delvis utrydding av ein nasjon eller ei etnisk eller religiøs gruppe gjennom drap, mishandling, forhindring av fødslar eller liknande. I Nürnbergdommen av 1946, der tyske politikarar og militære vart funne skuldige i folkemord, vart det fastslått at folkemord er eit brotsverk mot folkeretten. Dette er sidan slått fast i FN-konvensjonen av 9. desember 1948, som er godkjend av ei rekkje statar, mellom dei Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012