Hopp til innhold
X
Innhald

Folkerett

Folkerett (latin jus gentium), nemning på dei rettsreglane som blir sett på som bindande mellom statar i samkvemet mellom dei. Reglane rettar seg primært mot enkeltstatar, og berre unntaksvis til individ. Delar av folkeretten kjem til bruk også for internasjonale organisasjonar. 

Tradisjonelt tek han for seg avgrensinga av statane si styresmakt over land og sjøterritorium, statsborgarforhold, reglar om krigføring og nøytralitet, reglar om å inngå traktatar og kva rettsverknader traktatar har osb.

Etter den andre verdskrigen har arbeidet med å sikre enkeltindivida i alle land visse grunnleggjande menneskerettar stått sentralt, samt kontroll med forureining, ressursfordeling og rustingskontroll. Verdssamfunnet manglar eit lovgivande organ som aktivt og med bindande verknad for alle statar kan skape rettsreglar. Reglane oppstår difor gjennom sedvane og ved at det blir inngått traktatar og konvensjonar. For å fremje arbeidet med å kodifisere og utvikle folkeretten er det oppretta eit særskilt organ under FN, Folkerettskommisjonen (International Law Commission).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 07.03.2018