Hopp til innhold
X
Innhald

Fritt hav

Fritt hav (latin mare liberum), i folkeretten ei nemning på dei havområda som ikkje høyrer til sjøterritoriet til nokon stat. Prinsippet om fritt hav vart først sett fram av nederlendaren Hugo Grotius i 1609 og er seinare fastslått i Genèvekonvensjonen av 1958. På fritt hav har skip frå alle nasjonar rett til å ferdast uhindra, og det gjeld fri rett til overflyging. Sjå elles havrett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012