Hopp til innhold
X
Innhald

Grønlandssaka

Grønlandssaka, tvist mellom Noreg og Danmark om retten til Grønland. Ved Kieltraktaten av 1814 vart dei norske områda på Grønland haldne utanfor og kom difor inn under Danmark. Då Danmark i 1921 kunngjorde at dansk overherredøme gjaldt heile Grønland, protesterte Noreg på grunn av dei store fangst- og fiskeriinteressene ein hadde på Aust-Grønland. I 1924 vart Aust-Grønlandsavtalen inngått. Denne løyste dei praktiske spørsmåla om fiske og fangst, men ikkje suverenitetsspørsmålet. I 1931 gjennomførte Hallvard Devold ein privat okkupasjon av distriktet omkring den norske radiostasjonen i Myggbukta som straks vart stadfesta av den norske regjeringa ved kongeleg resolusjon. Danmark tok saka inn for Den internasjonale domstolen i Haag og vart ved dom av 5. april 1933 tilkjent suvereniteten over heile Grønland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012