Hopp til innhold
X
Innhald

Haagdomstolen

Haagdomstolen, opphavleg ei nemning på Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie, som var oppretta av Folkeforbundet og var i verksemd i åra 1920–40. I dag blir nemninga brukt om Den internasjonale domstolen, som vart oppretta som eit av dei seks hovudorgana i FN i 1946. Domstolen dømmer i folkerettslege tvistar mellom FN-statar. Også Den faste skilsdomstolen, som vart oppretta i 1899, blir nokre gonger kalla Haagdomstolen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012