Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsbrotsverk

Krigsbrotsverk, handlingar som er gjorde i krig av sivile eller militære og som er i strid med lover og sedvanar i krig. I pakta for den internasjonale militærdomstolen av 1945, Nürnbergdomstolen, vart det gitt mynde til å dømme 1) brotsverk mot freden, 2) dei eigentlege krigsbrotsverka og 3) brotsverk mot menneskeslekta. Drap og mishandling av krigsfangar, drap av gislar, plyndring av offentleg eller privat eigedom, øydeleggingar som ikkje er nødvendige av militære omsyn, det å føre angrepskrig, terrorbombing av sivil folkesetnad og forfølging og utrydding av etniske minoritetar er dermed å sjå på som krigsbrotsverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012