Hopp til innhold
X
Innhald

Nøytralitet

Nøytralitet, den folkerettslege tilstanden ein stat er i når han under ein krig mellom andre statar avstår frå all deltaking i krigshandlingane. Reglar om rettane og pliktene til nøytrale statar er slått fast i Haagkonvensjonane nr. 5 og nr. 8 av 1907. Krigførande statar har ikkje lov til å utføre krigshandlingar på eller frå nøytralt territorium. Nøytrale statar er på si side forplikta til å tilbakevise all krenking av nøytraliteten og til å forhindre at territoriet deira blir brukt i krigssamanheng.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012