Hopp til innhold
X
Innhald

Nürnbergprosessen

Nürnbergprosessen, krigsforbrytarrettargangen til dei allierte i åra 1945–46. Etter overeinskomst mellom USA, Frankrike, Storbritannia og Sovjetunionen av 8. august 1945 vart det oppretta ein internasjonal militærdomstol for å dømme saker mot krigsforbrytarar som hadde gjort handlingar som ikkje var knytte til noko spesielt land, og som hadde gjort seg skuldige i 1) brotsverk mot freden, 2) krigsbrotsverk og 3) brotsverk mot menneskeslekta. 24 av dei mest framståande nazistiske leiarane vart sette under tiltale (21 var til stades), og det vart også riksregjeringa, generalstaben og den tyske overkommandoen, den nazistiske partileiinga, SS og SD, Gestapo og SA som forbrytarorganisasjonar.
Dom vart gitt 30. september og 1. oktober 1946. 12 av leiarane vart dømde til døden ved henging, sju til langvarige fengselstraffer og tre vart frifunne. Gestapo, SS og SD vart erklært som forbrytarorganisasjonar, men det vart derimot ikkje riksregjeringa, generalstaben, overkommandoen og SA. Nürnbergprosessen har fått stor tyding for folkeretten, både når det gjeld utviklinga av menneskerettsvernet og det å trekkje grensa mellom lovlege krigshandlingar og brotsverk i krig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012