Hopp til innhold
X
Innhald

Oljeforureining

Oljeforureining, utslepp av olje i hav eller vassdrag frå skip, oljeinstallasjonar eller frå kjelder på land via kloakkanlegg og andre vassløp. Den vesentlege delen av oljeforureining kjem ikkje av store enkeltulukker, men at det med forsett eller som følgje av stadige små arbeidsuhell konstant blir sleppt ut små mengder frå ulike kjelder over heile verda. Oljeforureining er eit globalt problem som det trengst internasjonale tiltak for å motarbeide. Internasjonale konvensjonar inneheld reglar om utslepp av olje, kjemikaliar, avfall og kloakk frå skip, forutan reglar om økonomisk ansvar. Dei er i varierande grad følgde opp gjennom lovgiving i dei enkelte landa. I Noreg er oljeforureining regulert gjennom forureiningslova av 1981 og petroleumslova av 1996.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012