Hopp til innhold
X
Innhald

Parisdeklarasjonen

Parisdeklarasjonen, overeinskomst om sjørettsreglar under krig som vart underteikna i 1856 av dei fleste skipsfartslanda. Han inneheld mellom anna reglar om at kaperfart er avskaffa, at fiendtlege varer med unntak av krigskontrabande er verna av nøytrale flagg, og at ein ikkje kan leggje beslag på nøytrale varer under fiendtleg flagg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012