Hopp til innhold
X
Innhald

Pariskonvensjonen

Pariskonvensjonen, internasjonal overeinskomst av 1883 om vern av industriell eigedomsrett (industrielt rettsvern). Patentunionen vart oppretta det same året. Borgarar i eit av medlemslanda i unionen har same tilgang til patent-, mønster- og varemerkerettar i dei andre landa som borgarane i landet sjølv har. Pariskonvensjonen er revidert fleire gonger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012