Hopp til innhold
X
Innhald

Riksakta

Riksakta, traktat som vart inngått i 1815 mellom Noreg og Sverige. Traktaten regulerte dei viktigaste konstitusjonelle forholda som hadde oppstått ved sameininga i 1814. I Noreg hadde Riksakta same kraft som Grunnlova. Uklart formulerte reglar i Riksakta førte til mange norsk-svenske tvistar om tolkinga. Traktaten vart ståande uendra til 1905.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012