Hopp til innhold
X
Innhald

Sjøterritorium

Sjøterritorium, det havområdet utanfor kysten til ein stat som er undergitt suvereniteten til den aktuelle staten. Kor langt sjøterritoriet rekk, blir fastsett av styresmaktene i kyststaten og varierer frå land til land. Folkeretten set grenser for kor stort sjøterritorium ein stat kan hevde. I 1812 vart det norske sjøterritoriet fastsett til 1 geografisk mil, tilsvarande 4 nautiske mil. Dei fleste statane har i dag fastsett 12 nautiske mil som grense, det same som i FN sin konvensjon om folkerett på havet av 1982 er fastsett som maksimal utstrekning.
Kyststaten kan gjere lovgivinga si gjeldande i sjøterritoriet sitt og handheve henne ved bruk av makt om nødvendig. Dette står i motsetnad til det som gjeld dei såkalla nærliggjande sonene (fiskerisone, tollsone, økonomisk sone). Skipa til framande statar har rett til såkalla uskuldig gjennomfart over sjøterritorium. Rettane til kyststaten omfattar også sjøgrunnen og luftrommet over sjøterritoriet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012