Hopp til innhold
X
Innhald

Traktat

Traktat (av latin tractatus, ’skrift’), folkerettsleg avtale mellom to (bilateral traktat) eller fleire (multilateral traktat) statar. Større traktatverk som tek sikte på å løyse framtidige folkerettslege tvistar mellom ei rekkje statar, blir ofte kalla konvensjonar.
Når traktatane tek sikte på å løyse konkrete enkeltspørsmål mellom partane, blir dei kalla kontraktstraktatar (traité-contrats), medan traktatar som inneheld generelle reglar om forholdet mellom statane innanfor eit bestemt felt, blir kalla lovtraktatar (traité-loi). Omgrepet blir også brukt om avhandlingar, gjerne religiøse småskrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.07.2012
Sist oppdatert: 05.07.2012