Hopp til innhold
X
Innhald

Alkoholreklame

Alkoholreklame, regulert i alkohollova av 1989, som seier at det er forbode å reklamere for all alkoholhaldig drikke (over 2,5 volumprosent alkohol). Ved forskrift er det gjort unntak for utanlandske tidsskrift og informative annonsar i bransjetidsskrift. Forbodet gjeld heller ikkje merking av serveringsutstyr, emballasje og køyretøya til produsenten. Reklame for alkoholtilverkingsapparat krev særskilt løyve, og oppmoding til ulovleg tilverking kan føre til straffansvar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012