Hopp til innhold
X
Innhald

Avskil i nåde

Avskil i nåde, uttrykk som blir brukt når ein embetsmann har nådd aldersgrensa og difor får avskil, jf. Grunnlova § 22. Avskilet blir gitt av det aktuelle departementet, med unntak for høgsterettsdomarar, som får avskil i nåde av Kongen. Den som får avskil i nåde, bortsett frå statsrådar, får halde på embetstittelen sin. Ein kan også få avskil i nåde etter søknad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012