Hopp til innhold
X
Innhald

Barnepensjon

Barnepensjon, støtte i folketrygda som blir gitt til barn under 18 år dersom éin av foreldra eller begge er døde. Er éin av foreldra døde, utgjer barnepensjonen visse satsar av grunnbeløpet (G). Er begge døde, utgjer pensjonen for det eldste barnet det same beløpet som etterlatnepensjonen til den av foreldra som hadde fått størst pensjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012