Hopp til innhold
X
Innhald

Bibliotekeksemplar

Bibliotekeksemplar, avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument som utgivar, produsent, importør og den som etter konsesjon har rett til å drive kringkasting, er pålagd, jf. lov av 1989.
Forutan papirdokument (bøker, tidsskrift, brosjyrar osb.) omfattar avleveringsplikta også mikroformer, fotografi, lydopptak, filmar, edb-dokument (diskettar, magnetplater osb.), videogram og opptak av kringkastingsprogram. Mottakarinstitusjonane er Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana, Universitetsbiblioteket i Oslo (for lydopptak) og Norsk filminstitutt (for filmar og videogram).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012