Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsattest

Dødsattest, fråsegn om dødsfall som blir utferda av lege. Dersom dødsfallet fann stad på sjukehus, er det sjukehuslegen som skal skrive ut dødsattesten, og elles er det den legen som behandla avdøde under siste sjukdom. Dersom det ikkje fann stad legetilsyn, kan dei pårørande tilkalle lege for å la han utferde dødsattest. Ein må leggje fram attesten før politiet kan gi løyve til kremasjon. Jf. elles omgrepet dødsmelding.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012