Hopp til innhold
X
Innhald

Eldreråd

Eldreråd, kommunalt råd som blir valt av kommunestyret og fungerer som rådgivande organ.

Eldrerådet handsamar og tek opp saker som gjeld eldre og levekåra til dei eldre i kommunen. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar, og pensjonistforeiningar har rett til å kome med framlegg om medlemmer. Dei fylkeskommunale eldreråda har tilsvarande oppgåver på fylkesplan, men desse blir valde av fylkestinget.

Kommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Peikarar

Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd (eldrerådslova)

Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 01.10.2015