Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrisitetslovgiving

Elektrisitetslovgiving, fagområde som omfattar mellom anna erverv, utnytting og regulering av vassdrag, grunnavståingar og registrering av kraftleidningar, forholdsreglar mot fare og ulemper ved elektriske anlegg, og kontroll med utføring og drift av slike. I Noreg er det berre staten som kan byggje eller drive anlegg for produksjon, overføring og fordeling av elektrisk kraft med høg spenning utan løyve frå regjeringa. Det er også reglar som påbyr offentleg godkjenning av visse typar elektrisk materiell og apparat. Jf. elles NEMKO.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012