Hopp til innhold
X
Innhald

Farskap

Farskap, juridisk omgrep som blir brukt om slektskapsforholdet til barn.

Barnelova av 1981 har reglar om kven ein skal sjå på som far, og korleis ein skal slå dette fast i tvilstilfelle. For barn som er fødde i ekteskap, blir ektefellen til mora ved fødselen normalt rekna som far til barnet. Er barnet født utanfor ekteskap, kan faren vedgå farskap, men føresetnaden for at dette har rettsverknad er at mora godtek vedkomande som far. Dersom farskapet ikkje blir avgjort på grunnlag av ekteskap eller vedgåing, skal det offentlege ta seg av spørsmålet. Barnet sjølv kan alltid reise sak om farskap. Sjå elles pater est-regelen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 04.11.2016