Hopp til innhold
X
Innhald

Farskapsførelegg

Farskapsførelegg, førelegg som blir utferda av fylkesmannen i farskapssaker, der det blir gitt melding om at mottakaren vil bli rekna som far dersom han vedgår farskapet. Vidare blir det opplyst  at saka vil bli send til retten om dette ikkje skjer innan éin månad. Etter barnelova av 1981 må det ein dom til før ein blir sett på som far til eit barn født utanfor ekteskap som ein ikkje har vedgått farskapet til.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012