Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellstyre

Fjellstyre, organ som kommunestyret i kommunar med statsallmenning skal velje etter fjellova av 1975. Fjellstyret skal ha fem medlemmer og administrere bruken av allmenningen (utmark som staten eig) så langt det ikkje er gjort unntak frå dette i anna lov, til dømes skoglova. Fjellstyret kan også gi vedtekter for bruken av allmenningen, men desse bli må stadfesta av Landbruks- og matdepartementet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012