Hopp til innhold
Det norske flagget. Forholdet breidd/lengd i det norske flagget skal vere 16/22, og biletet viser korleis fargane som utgjer firkantane og korset i flagget skal delast etter dette. Foto: © Oslo Flaggfabrikk. Brukt med løyve for Allkunne.
Det norske flagget. Forholdet breidd/lengd i det norske flagget skal vere 16/22, og biletet viser korleis fargane som utgjer firkantane og korset i flagget skal delast etter dette. Foto: © Oslo Flaggfabrikk. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Flagg

Flagg, eit stykke tøy med visse proporsjonar og oftast heraldiske fargar som tener som kjennemerke for ein stat, ein by, ein institusjon eller liknande.

Flagget har utvikla seg frå bannera og flagga i oldtida. For nasjonalflagg, som er suverenitetsmerke for sjølvstendige statar, skil ein gjerne mellom statsflagg til bruk på offentlege bygningar, orlogsflagg til bruk for marinen og handelsflagg (koffardiflagg) til bruk for handelsflåten. Dessutan har statsoverhovudet og eventuelt også kronprinsen eige flagg.

I det norske flagget skal fargane skal vere høgraud, mørkeblå og kvit. Forholdet breidd/lengd skal vere 16/22. Dei raude firkantane nærast flaggstonga skal vere kvadratiske, kvar 6/16 av breidda på flagget, og ytterfirkantane skal vere 12/22 av lengda. Breidda av det blå korset skal vere 2/16 av breidda på flagget, og breidda av den kvite kanten skal vere 1/16 av breidda på flagget.

Flagglova og forskrifta regulerer bruken av det norske flagget på statlege bygg. Kommunar og fylkeskommunar har rett til å flagge på lik linje med staten, men kan også flagge med kommune- eller fylkesflagg. Fleire kommunar har eigne flaggreglar for når det flaggast på kva flaggstenger i kommunen.

Tidspunkt for å heise og hale flagg er regulert for statlege bygg og handelsfartøy i utanriksfart i forskrift til flagglova. Tidene har vore oppgitt i Norsk Almanakk som retningslinjer for privat flaggbruk. I tida mars–oktober skal statlege institusjonar heise flagget kl. 8, og frå november–februar kl. 9 (kl. 10 i Nord-Noreg). Dei skal hale flagget ved solnedgang, men ikkje seinare enn kl. 21 (kl. 15 i Nord-Noreg mellom november og februar).

Peikarar

«Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget», lovdata.no

Flagglova, «Lov om Norges Flag», lovdata.no

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 17.05.2018