Hopp til innhold
X
Innhald

Fødselsmelding

Fødselsmelding, melding som lege eller jordmor skal sende til folkeregisteret når eit barn er født. I fødselsmeldinga skal ein opplyse kven som er far til barnet, eller eventuelt kven mora oppgir som far, og om foreldra lever saman.
Dersom farskapet ikkje er avgjort, eller foreldra ikkje lever saman, skal ein sende fødselsmeldinga til både folkeregisteret og bidragsfuten. Er barnet født utan at lege eller jordmor var til stades, skal mora sjølv innan éin månad gi melding til folkeregisteret. Ein skal også sende inn fødselsmelding når barnet er dødfødt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012