Hopp til innhold
X
Innhald

Forureining

Forureining, skade på naturen og miljøet elles på grunn av utslepp av gass eller væske, deponering av avfall, støy og skakingar, stråling eller påverknad av temperaturen, som følgje av industriell verksemd, jordbruk eller annan menneskeleg aktivitet. Tilgangen til å drive aktivitet som forureinar er regulert i forureiningslova av 1981.
Utgangspunktet og hovudregelen i lova er at all forureining krev særskilt løyve frå styresmaktene, men dette gjeld ikkje vanleg forureining frå fiske, jordbruk, skogbruk osb., ordinær bygningsmasse som bustader, forretningsbygg og hotell, og mellombels anleggsverksemd, med mindre det blir gitt særlege forskrifter om dette. Kloakkutslepp kan likevel berre skje utan slikt løyve når det er gitt tilgang til dette i forskrift. Vidare kan styresmaktene gi forskrifter om grenseverdiar (tålegrenser) for visse typar anlegg, med den verknaden at løyve er unødvendig så lenge ein tilfredsstiller desse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012