Hopp til innhold
X
Innhald

Forvaltningsrett

Forvaltningsrett, nemning på den delen av rettssystemet som gjeld verksemda til dei offentlege forvaltningsorgana, dvs. organ for stat, kommune eller fylkeskommune. Fagområdet blir gjerne delt inn i spesiell forvaltningsrett, som omfattar dei ulike typane særreglar som gjeld på dei enkelte saksområda e.l., som bygnings- og reguleringsrett, sosialrett, kommunalrett m.m., og alminneleg forvaltningsrett, som omfattar dei meir generelle reglane som dannar råmer for verksemda til forvaltninga, og særleg dei som tek sikte på å tryggje borgarane si rettsstilling overfor forvaltninga. Sjå elles Sivilombodsmannen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012