Hopp til innhold
X
Innhald

Frådøming

Frådøming, omgrep som viser til tap av offentleg stilling eller dom for tap av stilling. Etter straffelova kan den som blir kjend skuldig i ei straffbar handling, bli dømd til tap av offentleg stilling som straff. Føresetnaden er at vedkomande ved den straffbare handlinga har vist seg uskikka eller uverdig til stillinga, og at allmenne omsyn krev at personen blir frådømd stillinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012