Hopp til innhold
X
Innhald

Freding

Freding, forbod mot å trengje inn på eit visst område eller å drive ei viss verksemd på eit område, med grunngjeving i omsynet til vern av verdiar som ellers kunne lide skade. I lovverket finst det ei rekkje reglar som gir offentlege styresmakter tilgang til å leggje særlege avgrensingar på eigaren eller publikum sin ferdsel og bruk av fast eigedom, eller råderett over lausøyre. Jf. nasjonalparkar, naturvern, kulturminne, viltstell, jakt og fangst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012