Hopp til innhold
X
Innhald

Frihamn

Frihamn, eit avgrensa hamneområde som tollrettsleg blir sett på som utland. I frihamner kan utanlandske varer bli lossa, lagra og omarbeidde utan at ein betaler toll. Toll betaler ein først når dei ferdige varene blir transporterte til ein stad utanfor frihamna. Ordninga blir mellom anna praktisert i Sverige (Göteborg, Malmö og Stockholm) og Danmark (København), men ikkje i Noreg. Jamfør elles frilager.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012